Annonse

Støre: Aps asylpolitikk ligg fast

Trondheim-ordførar Rita Ottervik vil at Arbeidarpartiet skal gå inn for å reforhandle asylforliket, men vinn ikkje gehør hos partileiar Jonas Gahr Støre.

- Det er brei semje på Stortinget om at dei som har fått avslag på opphald i Noreg, skal reise frå landet eller returnerast. Dette er òg ein del av vår asyl- og flyktningpolitikk som vart einstemmig vedtatt på Arbeidarpartiets landsmøte i april. Han ligg fast, skriv Støre i ein sms til Adresseavisen tysdag.

Aps innvandringspolitiske talsperson Masud Gharahkhani har allereie slått fast at partiet ikkje ønsker å reforhandle asylforliket frå 2015.

Støre seier han forstår engasjementet for saka i Trondheim, der både Ottervik og fylkesordførar Tore O. Sandvik har kravd at Ap innleier forhandlingar med Venstre og KrF om eit nytt asylforlik.

Ap-leiaren seier regjeringa har ansvar for å handtere utsending av dei som har fått avslag på søknadene sine, på ein «konsekvent og human måte».

Det er den avbrotne tvangsreturen av Abbasi-søskena, som vart sett på eit fly ut av landa laurdag, men som kom tilbake igjen tysdag, som har sett fart i diskusjonen.

- Sjølv om vi ikkje kjenner alle detaljar i denne saka, tyder mykje på at det er ein del som har gått feil rundt utsendinga. Det svekker tilliten til returpolitikken, og det er ansvaret til justisministeren, seier Støre.

Han ber regjeringa komme til Stortinget med forslaga sine viss dei ønsker å gjere endringar i asylpolitikken.

(©NPK)

I diskusjonen om å reforhandle asylforliket frå 2015 slår Ap-leiar Jonas Gahr Støre fast at asylpolitikken til partiet ligg fast. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix