Annonse

Stortinget får ikkje innsyn i rapport om trygderettar

Ein rapport frå 2014 om trygdemottakarar sin rett til å reise i EØS vil bli sentral i høyringa om Nav-skandalen. Men kontrollkomiteen får ikkje sjå rapporten.

SVs medlem i kontrollkomiteen Freddy André Øvstegård er sterkt kritisk til at komiteen blir nekta innsyn i rapporten. Fredag skal komiteen ha si andre høyring i saka.

– Det er provoserande at regjeringa vel å halde tilbake informasjon i det som er Noregs største rettsskandale, seier han til Aftenposten.

– Normal praksis

Fungerande arbeids- og sosialminister Henrik Asheim (H) seier til NTB at det er normal praksis å avslå slike innsynskrav.

– Dette er eit departementsinternt dokument. Dette er ein praksis som har vore gjennomført av fleire statsrådar og regjeringar, seier han.

Rapporten vart laga av ein interdepartemental arbeidsgruppe som skulle sjå på korleis trygdeeksporten kunne reduserast. Men i kvart kapittel går det fram at styresmaktene ikkje kan nekte mottakarar av norske trygdeytingar å reise til EØS-land, ifølgje utvalet som har granska trygdeskandalen.

Det var nettopp slike utanlandsopphald Nav meinte var ulovleg og slo hardt ned på fram til trygdeskandalen eksploderte i fjor. Det har medført at minst 86 personar har vorte uriktig dømt, over halvparten til fengselsstraff, for trygdesvindel. I tillegg har fleire tusen feilaktig fått krav om tilbakebetaling frå Nav eller avslag på trygdesøknader.

– Vil svare godt og grundig

Asheim viser til at granskingsutvalet har fått sjå rapporten, og at leiaren av utvalet Finn Arnesen er innkalla til høyringa på fredag i kontrollkomiteen.

– Eg er sikker på at både eg og Arnesen kjem til å bli spurt om dette, og då skal vi svare godt og grundig på det. Det viktigaste her er innhaldet i rapporten, seier han.

– Regjeringa har lova at kvar stein skal snuast. Er det å nekte komiteen innsyn å gjere dette?

– Vi har prøvd så godt vi kan å snu kvar stein og komme fram med all den dokumentasjonen som er nødvendig, svarer Asheim.

Onsdag vart det òg kjent at Eftas tilsynsorgan Esa har innleidd ei formell sak mot Noreg fordi dei meiner Noreg ikkje har respektert EØS-reglane i trygdeforordninga og retten til fri rørsle.

(©NPK)

Fungerande arbeids- og sosialminister Henrik Asheim (H) vil ikkje gi kontrollkomiteen på Stortinget innsyn i ein rapport frå 2014 der trygdemottakarane sin rett til å reise i EØS-land blir omtalt. Foto: Vidar Ruud / NTB