Annonse

Stortinget stenger skrivarar

Stortinget har stengt skrivarane etter seminaret der ein etterretningssikta russisk statsborgar tok del.

Fleire skrivarar er tatt ut av drift og fått påklistra lappar med beskjeden «Må ikkje brukast», skriv VG.

Ifølgje avisa skal dei stengde skrivarane bli erstatta med nye og ikkje brukast før dei er erstatta. Avisa har funne ni skrivarar som er stengt.

Skrivarnekta er eitt av de førebyggjande tiltaka Stortinget har innført etter seminaret torsdag og fredag i førre veke der ein russisk deltakar skal ha oppført seg så mistenkjeleg at Stortinget varsla Politiets tryggingsteneste (PST). Mannen blei laurdag varetektsfengsla i to veker, sikta for etterretningsverksemd mot statshemmelegheiter.

Leiaren av seksjon for presse og samfunnskontakt på Stortinget, Jorunn Nilsen, stadfestar i ein SMS til Dagbladet at gjennomgang av skrivarar er eitt av dei førebyggjande tiltaka som no blir gjennomført.

(©NPK)