Annonse

Streikande SAS-pilotar beklagar overfor reisande

SAS meiner kravet til pilotane gjer at flykonsernet ikkje kan vere konkurransedyktig. Det avviser pilotforeininga, men beklagar streiken overfor passasjerane.

SAS-leiinga skuldar pilotane sine for å stille krav som truar lønnsemda til selskapet.

- Dei skyhøge krava er heilt uforeineleg med vidare satsing for SAS sin del for at vi skal vere konkurransedyktige, seier kommunikasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS til NTB.

Pilotforeininga avviser dette på det sterkaste.

- Ingen gamblar med sin eigen arbeidsplass. Vi står saman for å bygge eit sterkt flyselskap. Det vil vere veldig dumt av oss å gamble med det, seier leiar Christian Laulund i Norske SAS-flygeres foreining til FriFagbevegelse.

Han seier SAS-leiinga er hjarteleg velkommen tilbake til forhandlingsbordet.

- Vi har fokusert på å finne ei løysing der medlemmene våre slepp å jobbe sju helgar på rad, slik at dei kan ha eit familieliv som andre i samfunnet. Det er veldig vanskeleg i vår variable gruppe der meir enn halvparten av medlemmene våre er, seier Laulund.

Han meiner dei strekte seg langt for å komme fram til ei løysing.

- Beklagelegvis lét det seg ikkje gjere. Det rammar tusenvis av passasjerar. Det synest vi er veldig tragisk, seier han.

I tillegg til ein meir føreseieleg turnus, er lønn eitt av områda i konflikten.

Livslønna til SAS-pilotane - lønna gjennom heile karrieren - er lågare enn det pilotane i lågprisselskapet Norwegian tener, erfarer FriFagbevegelse.

(©NPK)

Pilotane beklagar overfor passasjerane. Arkivfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix