Annonse

Strengt hemmeleghald om EUs svar til May

Eit vedtaksforslag er klart før toppmøte i EU i Brussel. Men nesten ingen har sett det.

Europeiske leiarar samlast torsdag ettermiddag i Brussel for å ta stilling til søknaden frå statsminister Theresa May om å skyve datoen for brexit fram med tre månader til 30. juni.

Meiningane er delte om forslaget. Men etter det NTB kjenner til, er eit vedtaksforslag allereie på plass.

Forslagsteksten er skrive av generalsekretæren i EU-rådet Jeppe Tranholm-Mikkelsen, ein av dei mest framståande - men samtidig mest ukjende - figurar i Brussel.

Medlemslanda har ikkje fått lese forslaget i forkant.

I staden vil det bli delt ut til stats- og regjeringssjefane i det møtet startar, for slik å minimere risikoen for lekkasjar.

(©NPK)

EU-president Donald Tusk er torsdag vert for toppmøtet i Brussel. Foto: Frank Augstein / AP / NTB scanpix