Annonse

Stygg velt i Tour de France - van Aert til sjukehus

Wout Van Aert (24) kolliderte med eit gjerde på tempoetappen på fredag i Tour de France. Belgiaren vart liggande nede lenge og såg køyrt på sjukehus.

Wout Van Aert (24) kolliderte med eit gjerde på tempoetappen på fredag i Tour de France. Belgiaren vart liggande nede lenge og såg køyrt på sjukehus.

Wout Van Aert, som vann den 10. etappen, gjekk i bakken med ein dryg kilometer igjen å sykle. Belgiaren låg an til å køyre inn til ny bestetid då uhellet var ute og det var knytt store forventningar til 24-åringen fredag.

Van Aert vart liggande på bakken lenge i smerter. TV-bilda viste at han kolliderte med eit gjerde i ein innersving. Belgiaren vart køyrd til sjukehus og Tour de France er over for den lovande syklisten.

Laget hans, Jumbo-Vismo, skriv på Twitter at van Aert er ved medvit og at han har pådratt seg eit kjøttsår i det høgre beinet sitt.

Familien til Van Aert hadde tatt turen til tempoetappen på fredag i Pau for vere til stades ved at belgiaren skulle kjempe om sigeren.

(©NPK)

Wout Van Aert, (i gult) her frå ein tidlegare etappe, gjekk i bakken under tempoetappen fredag. Foto: Thibault Camus / AP / NTB scanpix