Annonse

Svensk studie: Éin av ti får langtidsverknader av covid-19

Kvar tiande person med mild covid-19 blir ramma av langtidsverknader, viser ein svensk studie av koronasmitta sjukehustilsette.

Dei vanlegaste symptoma er tap av smaks- og luktesans, og dessutan ei kjensle av å vere sliten. Åtte månader etter infeksjonen hadde éin av ti moderate til alvorlege symptom, kjem det fram i studien, som er publisert i det medisinske tidsskriftet JAMA.

– Det er eit høgt tal, og det er leitt at det er såpass mange med symptom som påverkar dei sosialt, heime og på jobben så lenge, seier Charlotte Thålin, som er legespesialist og ansvarleg forskar for studien.

Forskarane fann likevel ikkje at enkelte andre symptom, som også blir knytte til covid-19, heldt fram.

– Vi ser ikkje ein auka førekomst av hjartebank, andre langvarige problem og kognitive problem som minnetap. Og det er jo bra, seier ho.

Forskargruppa, som er sett saman av folk frå Danderyds sjukhus i kommunen med same namn og Karolinska Institutet, skal halde fram med å følgje deltakarane og sjå korleis langtidsverknadene deira utviklar seg.

(©NPK)

Éin av ti opplever langtidsverknader etter covid-19, ifølgje ein svensk studie. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB