Annonse

Svømme-VM: Løyning ikkje vidare trass norsk rekord på 100 m rygg

Ingeborg Vassbakk Løyning forbetra den norske rekorden sin på 100 m rygg i svømme-VM, men 1.00,35 i semifinalen heldt ikkje til finaleplass.

Løyning frå Bærumsvømmerne hadde 14. beste tid i forsøket. Tida 1.00,41 var 1/100 sekund betre enn den norske rekorden hennar sett under NM i Drammen for to veker sidan.

I semifinalen sin noterte ho den svakaste tida etter 50 meter, men ho hadde ei mykje betre avslutning. Det heldt likevel berre til 15. beste tid av dei to semifinaleheata. Ho måtte svømt på 58,98 for å kunne tatt seg til finalen.

Best i kvalifiseringa var canadiske Kylie Masse med 58,91. Ho var òg best i semifinalen med 58,50.

På dei 100 meterane på rygg til mennene svømte Tomoe Zenimoto Hvas inn til 55,42 og det heldt til 34.-plass og eit godt stykke unna semifinaleplass.

(©NPK)

Ingeborg Vassbakk Løyning tok seg til semifinale på 100 m rygg under VM i Sør-Korea måndag. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix