Annonse

Tennis: Ruud gjer nytt byks på rankinga

Casper Ruud klatrar nye ti plassar på verdsrankinga i tennis denne veka. 19-åringen er no nummer 117.

Dermed er den norske tennisprofilen berre ni plassar bak si eiga bestenotering frå i fjor sommar. Då var fasiten 108.-plass.

Også førre veke gjorde Ruud eit hopp på ti plassar.

Ungguten slo seg fram til semifinalen i ei Challenger-turnering i Canada i førre veke. Der vart det tap for toppseeda Jordan Thompson frå Australia.

Settsiffera vart 7-6 (7-5), 0-6, 6-7 (4-7).

Ruud var seeda som nummer fem i turneringa.

Nordmannen skal denne veka spele endå ei Challenger-turnering. Den går i Las Vegas i Nevada.

På toppen av verdsrankinga er stillinga uendra. Rafael Nadal er framleis framfor Novak Djokovic, mens Roger Federer er trear.

(©NPK)

Tennisspelaren Casper Ruud klatrar igjen på rankinga. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix