Annonse

Thingnes Bø gjekk Noreg inn til gull i stafettdrama etter enorm opphenting

Tredjeetappen til Sturla Holm Lægreid sende Noreg tilbake i medaljekampen etter ein dårleg start på blandastafetten i skiskyttar-VM i Planica. Det vart gull.

Etter å ha vunne blandastafetten i dei tre tidlegare verdsmeisterskapane var Noreg store favorittar før opningsrennet i Oberhof.

Det norske laget bestod av Ingrid Landmark Tandrevold, Marte Olsbu Røiseland, Sturla Holm Lægreid og Johannes Thingnes Bø.

Tandrevold måtte ut i ei strafferunde på den ståande skytinga. Dermed låg Noreg langt bak i byrjinga av stafetten.

– Det er alltid kjipt å starte meisterskap dårleg, særleg med lagkonkurranse og at det går utover dei andre òg. Det var ikkje den starten eg håpa på, og det var heller ikkje det utgangspunktet dei andre håpa å få. Det var ei kjip kjensle, sa Tandrevold til NTB om sin eigen etappe.

Noreg låg 50 sekund etter teten då Lægreid gjekk ut på den tredje etappen. 25-åringen plaffa ned alle dei ti blinkane og åt opp heile forspranget til konkurrentane.

Dermed sende han Thingnes Bø ut i tet.

– Det er ein monsteretappe av Lægreid. Det går ikkje an å gjere det betre, konkluderte Ole Einar Bjørndalen.

På ankeretappen skapte Thingnes Bø spenning på første skytinga. Han skaut tre bom, men redda seg inn på ekstraskota. Italia kom seg føre, men vart seinare forbikøyrt.

På ståande skaut både Noreg og Italia éin bom, men trefte på første ekstraskot. På sisterunden var Bø heilt overlegen.

Dermed tok Noreg gull på stafetten.

(©NPK)

Oberhof, Tyskland 20230208.
Marte Olsbu Røiseland sender Sturla Holm Lægreid ut under blandastafetten i VM i skiskyting 2023 i Oberhof i Tyskland.
Foto: Javad Parsa / NTB