Annonse

Thorstvedts klubb hardt ut mot eigne supporterar: – Det er siste sjanse

Mange fans gav blaffen i påbodet om munnbind då Kristian Thorstvedt og Mats Møller Dæhlis Genk slo Mechelen i belgisk fotball søndag. No reagerer klubbleiinga.

Måndag retta Genk-toppane ein skarp og formanande peikefinger mot eigne supporterar i form av eit ope brev publisert i sosiale medium og på eigne nettsider.

Der blir bileta av supporterar som bryt retningslinjene ved å stå tett saman utan munnbind stempla som «et stort skritt tilbake mot et tomt stadion».

«Det er ikke bare vi som har sett dette. Hele Belgia har sett det. Våre støttespillere, media, politikere og også de 400 frivillige som var på plass. Vi fordømmer denne oppførselen på det sterkeste», skriv klubben.

Kristian Thorstvedt spelte heile kampen på søndag på Genks midtbane, medan Mats Møller Dæhli fekk dei siste fem minutta som innbytar.

Genk-leiinga skriv vidare i brevet på måndag at den er ekstremt skuffa over scenene på søndag. Samtidig blir dei takka av supporterane som forheldt seg lojalt til smittevernreglane.

Dei som braut reglane får denne krystallklare åtvaring:

«Neste mandag spiller vi mot KV Oostende. Det er siste sjanse for klubben vår. Eller rettere sagt: Det er din siste sjanse. Respekter reglene».

(©NPK)

Kristian Thorsvedt var på bana for Genk søndag. Foto: Fredrik Hagen / NTB