Annonse

Tidenes distriktsløft kan ende med tvangssamanslåing

Semja om regionreforma i Stortinget kan ende med at Troms og Finnmark blir slått saman med tvang.

Regjeringa har fått med seg KrF, som sikrar fleirtal i Stortinget for den nye regionreforma og oppgåveoverføring frå staten til fylka. Nestleiar Kjell Ingolf Ropstad i KrF kallar reforma det største distriktsløftet i nyare tid.

- Vi i KrF er veldig glade for at det er semje om ei betydeleg oppgåveoverføring, og at strukturen som det gamle og det noverande Stortinget har vedtatt, no står fast, seier Ropstad.

Frå 19 til 11

Frå 1. januar 2020 skal det vere 11 fylke i Noreg, slår kommunalminister Monica Mæland fast (H).

Motstanden mot samanslåing har vore aller størst i nord, der 87 prosent av finnmarkingane i ein folkeavstemming stemte nei til samanslåing med Troms.

I nær framtid vil kommunalministeren kalle inn fellesnemndene i Troms og Finnmark for å avklare prosessen vidare. I august blei møtet med fellesnemndene ikkje noko av på grunn av uvisse rundt regionreforma.

- Eg reknar med at alle vil ta omsyn til vedtak fatta i Stortinget, seier Mæland til NTB.

Viss motstanden i Finnmark held fram, kan det ende med tvangssamanslåing av Troms og Finnmark.

- Arroganse

Senterpartiet meiner reforma er tidenes sentraliseringsprosess og kallar det arroganse overfor folk.

- Nå skal landet sentraliserast. At KrF er med på dette, er nesten utruleg, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Det som regjeringspartia og KrF kallar eit historisk distriktsløft, karakteriserer Sp-leiaren som eitt av dei største sentraliseringstiltaka vi har sett i Noreg nokon gong.

SV og raudt reagerer på at regionreforma blei avgjort mellom KrF og regjeringa på bakrommet. Først 19. oktober kjem meldinga til Stortinget.

- Fråværet av demokrati skrik mot oss. No igjen har det vesle fleirtal som stod bak tvangssamanslåingane, vedtatt oppgåvefordeling utan at heile Stortinget får delta i den prosessen, seier leiar av kommunalkomiteen, Karin Andersen (SV).

Ho får støtte frå raudt-leiar Bjørnar Moxnes.

- Først blei kartet teikna opp i blinde, før ein visste kva for oppgåver dei nye fylka skulle få. Når dette til slutt blir avgjort i det skjulte, går det frå vondt til verre. Eg synest det er feigt og udemokratisk.

Flytter makt

Det viktigaste med regionreforma er å sørgje for gevinstar i form av effektivisering og avbyråkratisering, ifølgje Frps Kari Kjønaas Kjos.

- Frps primærstandpunkt om å fjerne fylkeskommunen står fast. At vi no går frå 19 til 11 regionar, reknar vi som eit steg i riktig retning. Hensikta er å flytte makt nærmare der folk bor, sa ho.

Venstres André Skjelstad beskriv regionreforma som ein demokratireform.

- Vi har komme til semje om å overføre oppgåver og nye arbeidsplassar til dei nye regionane. Dette er den største utvidinga av fylkeskommunanes ansvar sidan dei blei oppretta, sa han.

(©NPK)