Annonse

To nye koronadødsfall i Oslo

Ytterlegare to personar som var smitta av koronaviruset, døydde denne veka, opplyser sjukeheimsetaten i Oslo kommune.

Ein pasient som vart overført frå sjukehus til den kommunale covid-19-behandlingseininga etter å ha fått påvist smitte, døydde onsdag. Fredag døydde ein koronasmitta bebuar ved Stovnerskogen sjukeheim.

– Det er eit smitteutbrot i gang på ei avdeling på Stovnerskogen sjukeheim. Fire bebuarar er sjuke med covid-19. Vi jobbar systematisk og planmessig med testing av alle bebuarar og medarbeidarar for å hindre at smitten spreier seg, seier etatsdirektør Helge Jagmann i sjukeheimsetaten.

Totalt er 39 bebuarar på sjukeheimane i Oslo døde som følgje av covid-19. Snittalderen på bebuarane på sjukeheimane i Oslo er rundt 85 år, og dei fleste har fleire sjukdommar.

Sidan mars har totalt elleve koronasmitta pasientar døydd på den kommunale covid-19-behandlingseininga. Dette er ikkje ein sjukeheim, men blir driven av sjukeheimsetaten.

(©NPK)

Eit smitteutbrot har ramma ei avdeling på Stovnerskogen sjukeheim i Oslo. Fredag døydde ein koronasmitta bebuar på sjukeheimen. Foto: Fredrik Varfjell / NTB