Annonse

Tre nye aviser får pressestøtte

158 aviser får tildelt produksjonstilskot til 313 millionar kroner i år. Tre aviser får pressestøtte for første gong.

Minerva, Vesterålen Online og Bladet Vesterålen får tilskot for første gong i 2018. Samtidig kvalifiserer avisene Vestlandsnytt og Setesdølen seg på nytt til støtte etter å ha vore ute av ordninga nokre år, opplyser Medietilsynet.

207,5 millionar kroner av støtta går til dei ti største tilskotsmottakarane. Blant dei finn vi Klassekampen, Vårt Land, Dagsavisen og Bergensavisen. Sistnemnde hadde størst vekst i fjor både i kroner og prosent.

Klassekampen er den avisa som får mest pressestøtte. Avisa auka tilskotet med ti millionar kroner frå i fjor og har no eit tilskot på nær 43 millionar kroner. Mentor Mediers aviser Vårt Land, Dagsavisen og Rogalands Avis får likevel vesentleg mindre tilskot i år på grunn av fall i opplaget.

Lokalavisene Sortlandavisa og Yderst har lagt ned drifta og er dermed ute av støtteordninga.

Pressestøtta skal føre til eit mangfald av til nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Tilskotsordninga er retta mot medium som er økonomisk vanskelegstilte eller har små opplag.

(©NPK)

Klassekampen er den avisa som får mest produksjonstilskot i år. Samtidig får Minerva, Vesterålen Online og Bladet Vesterålen tilskot for første gong i 2018. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix