Annonse

Trondheims-Ørn imponerte, til semifinale med ti spelarar

Trondheims-Ørn avslutta med ti spelarar, men knuste serietoar og fjorårsfinalist Sandviken 4-2 i kvartfinalen og tok seg til semifinale i fotball-NM.

Ørn har åtte NM-titlar for kvinner, fleire enn nokon annan klubb, men den førre kom heilt tilbake i 2002. To raske mål av Marit Clausen midtveges i 1. omgang sende laget føre for godt då Sandviken vart sett grundig på plass. Det skjedde tre dagar etter at bergenslaget vann 1-0 då laga møttest i serien.

Sandviken er poenget bak serieleiar LSK Kvinner, medan Trondheims-Ørn har berre tre lag bak seg på tabellen i Toppserien.

Cesilie Andreassen gav Ørn ei tidleg leiing onsdag, men Maria Brochmann utlikna før det var spelt eit kvarter. Så slo Clausen til i det 19. og 21. minutt, og innbytar Rakel Engesvik la på til 4-1 før pause.

Det hjelpte ikkje Sandviken at Ina Vårhus hos heimelaget vart utvist etter eit times spel. Ørn drog sigeren i land med ti spelarar. Lisa Naalsund reduserte, men til liten nytte.

LSK jagar ny dobbel

Andre lag i semifinale er LSK Kvinner, som har vunne cupen fire av dei fem siste åra, Vålerenga og Arna-Bjørnar.

LSK har mista fleire sentrale spelarar i sommar og rauk ut i kvalifiseringa til meisterligaen, men kjempar vidare om ein ny dobbelttriumf. Nyankomne Emilie Nautnes scora to av måla då Kolbotn vart slått 3-0 på bortebane.

Det var spelt mindre enn fire minutt då Nautnes vann ballen frå ein motspelar, vende bort ein annan og banka han i mål bak ein feilplassert keeper. Ei ny ballerobring, denne gongen ved kaptein Ingrid Moe Wold, sette Elise Thorsnes i stand til å punktere kampen med 2-0 like før pause.

Nautnes gjorde 3-0 midtveges i 2. omgang nydeleg framspelt av Thorsnes, medan Nora Eide Lie reduserte på overtid.

- Dei første 20 minutta var strålande, og det vart ein komfortabel siger, men 2. omgang var dårleg, sa LSK-trenar Hege Riise til NRK.

Dowie-hattrick

Vålerenga slo Avaldsnes 3-0 med hattrick av Natasha Dowie. Den engelske spissen scora i det 24., 29. og 79. minutt. Osloklubben revansjerte dermed finaletapet mot same motstandar for to år sidan.

Arna-Bjørnar, som til liks med Vålerenga aldri har vunne cupen for kvinner, tok seg til semifinale med 1-0-siger borte mot den femdoble noregsmeisteren Røa. Elise Isolde Stenevik scora vinnarmålet.

(©NPK)