Annonse

Trump truar mellomamerikanske land med bistandskutt

USAs president Donald Trump har informert Honduras, Guatemala og El Salvador om at dei kan vente seg kutt i bistanden om dei lar innbyggjarane reise til USA.

- Vi har i dag informert Honduras, Guatemala og El Salvador at dersom dei tillèt innbyggjarane sine, eller andre, å krysse grensene og reise til USA med ein intensjon om å komme inn i landet ulovleg, vil alle utbetalingane til dei bli stoppa, skriv presidenten på Twitter.

- Alle som kjem til USA ulovleg vil bli arresterte og sende tilbake til landet sitt, skriv han i ei ny melding.

Fråsegna kjem dagen etter at presidenten åtvara Honduras om kutt i bistanden dersom dei ikkje stanser ei gruppe på 2.000 migrantar som er på veg til USA.

Også i juli kom den amerikanske regjeringa med ei bønn til presidentane i regionen om å stanse flaumen av menneske som søkjer seg til USA. Den gong var det visepresident Mike Pence som i samband med eit besøk i Guatemala kom med utsegna.

- Eg seier med stor respekt for dykk at denne flaumen av folk må ta slutt. Den er ein trussel mot sikkerheita til USA. Akkurat som vi respekterer dykkar grenser og suverenitet, må de respektere våre, sa Pence den gong.

Mellom-Amerika er ein av dei farlegaste regionane i verda. Ingen land i verda har fleire drepne per innbyggjar enn El Salvador og Honduras. Livsfarlege gatebandar og narkosmuglarar herjar i lokalsamfunna.

(©NPK)

Personar set seg i ein buss i Honduras som har USAs grense som mål. Foto: AP / NTB scanpix