Tysk fotballstjerne får munnbind-åtvaring
Fotballprofilen Sami Khedira, lagkamerat med Rune Almenning Jarstein i Hertha Berlin, har fått ei åtvaring for brot på koronaprotokollen i tysk Bundesliga.
Det opplyser Det tyske fotballforbundet måndag.
33-åringen, som er skadd, vart ved fleire høve fanga opp på tribunen av TV-kameraa under seriekampen mot Augsburg laurdag. Midtbaneveteranen sat og stod utan munnbind.
Det er eit brot på dei strenge smittevernreglane som gjeld i tysk fotball. Dersom episoden gjentek seg, risikerer Khedira at det blir opna disiplinærsak mot han, opplyser det tyske forbundet.
Hertha vann kampen 2–1.
Khedira slit med ein skade i leggen og trenar Paul Dardai har lita tru på at midtbaneprofilen blir klar til kamp mot Erling Braut Haalands Borussia Dortmund kommande helg.
(©NPK)
Sami Khedira risikerer disiplinærsak. Foto: Annegret Hilse/Pool via AP / NTB