Annonse

Kjelder: Tysk klimapakke vil koste minst 50 milliardar euro

Pakken med klimatiltak som den tyske regjeringa har vorte samde om, har ein prislapp på over 50 milliardar euro, opplyser regjeringskjelder.

Det svarer til drygt 500 milliardar kroner.

Ifølgje AFP, som har sett dokumentet, vil klimapakken koste minst 100 milliardar fram mot 2030. Der heiter det at «Innan 2030 vil totalt eit tresifra tal milliardar bli gjort tilgjengeleg til vern av klimaet og overgang til andre energiformer».

- Mange tiltak

Etter fleire veker med krangling og ein 18 timars maratonforhandling natt til fredag, vart koalisjonsregjeringa til Angela Merkel omsider samde om ein pakke med tiltak for å motverke klimaendringane.

- Det er ein avtale med mange tiltak og ein mekanisme for årleg monitorering, opplyser ein ikkje namngitt regjeringskjelde fredag.

Blant tiltaka er eit forbod mot oljefyring i bygningar frå 2025, inkludert ei støtteordning for huseigarar som skiftar til meir klimavennlege alternativ.

Regjeringspartnarane har òg vorte samde om ein ny pris på CO2-utslepp, noko som vil bli handtert gjennom handel med klimakvotar.

I tillegg vil regjeringa auke prisen på bensin og diesel med 3 cent i 2021. I alt skal prisane auke med 10 cent innan 2026.

Heile pakken skal leggast fram seinare fredag.

Høge ambisjonar

Tyskland har ambisjonar om å kutte utsleppa med 55 prosent samanlikna med nivået i 1990 innan 2030. Det inneber å kutte CO2-utsleppa frå 866 millionar tonn til 563 millionar tonn i året.

Men det er venta at Tyskland ikkje vil greie å nå delmålet for neste år.

Dei tyske regjeringspartia har vore delte i synet på korleis ein best kuttar i utsleppa av klimagassar. Kva for retning Europas største økonomi vel, blir følgt med argusauge verda over. I dag står Tyskland på sjetteplass på lista over landa med størst utslepp.

Nyheita om klimapakken kom samtidig med at tyske klimaaktivistar samla seg til ein ny runde med klimaprotestar.

(©NPK)

Etter veker med krangling er Tysklands statsminister Angela Merkel og hennar koalisjonsregjering blitt einige om ein større pakke med tiltak for å få utsleppa av klimagassar ned. Foto: AP/ NTB scanpix