Annonse

Ukraina-krigen fører til svekt miljø – og klimaforsking i Arktis

Sanksjonane mot Russland hindrar forskingsarbeid i Arktis. Manglande samarbeid med russarane fører til at informasjon går tapt, seier Norsk Polarinstitutt.

– På grunn av sanksjonane mot Russland, får vi i dag lite kunnskap om utviklinga på russisk side, det er alvorleg, seier Ole Arve Misund, direktør Norsk Polarinstitutt.

Han understrekar at Polarinstituttet støttar sanksjonslinja som følgje av Russlands aggressive krigføring mot Ukraina, men at ein er klar over at det går ut over forskinga. Han håpar at samarbeidet på eit tidspunkt kan komme opp igjen.

– Det er jo slik at Russland dekkjer rundt 45 prosent av Arktis. På grunn av krigen er alt bilateralt samarbeid, alt institusjonelt samarbeid lagt på is. Det eksisterer noko forskar til forskar-kontakt, men det er svært lite, seier Misund.

Han understrekar at situasjonen er uheldig gitt at Noreg har hatt eit svært omfattande samarbeid med russarane, som har store ressursar, forskingsstasjonar og isbrytarar.

Misund seier det er vanskeleg å seie kva konsekvensar brotet i samarbeidet har eller vil få.

– Vi følgjer godt med på utviklinga i den europeiske og nordamerikanske delen, men det er altså berre litt over halvparten. På kort sikt manglar ein no data om utviklinga på russisk side, data om permafrost, den russiske tundraen, økosystem både på land og til havs, understrekar han.

Påverkar klimaforskinga

I tillegg til at det ikkje er mogleg å besøkje store delar av Arktis som ligg i russisk økonomisk sone, er altså banda til russiske forskarar, som har mykje kunnskap på området, stort sett kutta.

Professor i biogeokjemi ved Stockholms universitet, Örjan Gustafsson, understrekar at situasjonen påverkar miljø- og klimaforskinga negativt. Utviklinga i Arktis blir rekna som svært viktig. Den raske oppvarminga i Arktis har konsekvensar for heile jorda. Den smeltande landisen bidreg mellom anna til både global havnivåstigning. Tining av permafrost frigjer drivhusgassen metan. Kor stor påverknad dette har på klimaendringane er usikkert, og forskarar treng å følgje med på utviklinga. Dei fleste områda med potensielt lekkasje av permafrost er på russisk territorium.

– Metan som blir frigjort kan bidra til at vi ikkje når klimamåla. Men vi har å gjere med ei av dei største uvissane i klimaforskinga, og det at vi no taper tid gjer det vanskelegare å redusere desse uvissane. Vi må ut og måle for å komme oss vidare, seier Gustafsson til nyheitsbyrået TT.

Gustafsson fortel at all offisiell kontakt med russiske forskarar vart brotne kort tid etter krigsutbrotet då det vart innført sanksjonar. Ingen feltarbeid eller møte. Personleg kontakt mellom enkeltforskarar har derimot altså vore lov – men det er ikkje lett, seier Gustafsson.

Vanskeleg for forskarane

– Vi har prøvd å halde kontakten med russarane, men det er ikkje klart korleis det skal gjerast. Viss dei er i kontakt med oss, kan det gå ut over tryggleiken deira. Samtidig blir dei oppmoda til å drive forsking som per definisjon er internasjonal, seier han. Gustafsson meiner at det er viktig å halde oppe ein viss kontakt.

– Mellom anna kan det bli lettare å ta opp att samarbeidet innan klimaforsking etter slutten av krigen, meiner han. Han meiner også det er viktig å støtte dei russiske forskarane, for mange av dei har det tøft.

– Nokon sit i fengsel, nokon har flykta frå landet. Nokon får knapt betalt, seier Gustafsson.

Han meiner det hastar med å ta opp samarbeid slik at kunnskapen om klimaendringar ikkje blir skadelidande. Og han set spørsmålsteikn ved om sanksjonane i området høyrer fortida til.

– Eg trur sanksjonar mot klimaforskinga neppe forstyrrar Putins nattesøvn. Men manglande forsking påverkar ei heil verd. Eg har full forståing for at alle skal bidra til å motarbeide Russland, men eg håpar at politikarane vurderer om alle sanksjonane oppfyller formålet, no som eit år har gått, seier Örjan Gustafsson.

– Isen er ikkje knust

Misund fortel at Polarinstituttets haldning er at samarbeidet med Russland er lagt på is, men at isen ikkje er knust.

– Samarbeidet kan takast opp att fram i tid, når det er mogleg ut frå situasjonen rundt Ukraina, legg han til.

Han viser til at russarane tok initiativ til det norsk-russiske fiskerisamarbeidet under den kalde krigen – slik at ein kunne vareta ein berekraftig fiskebestand. Eit samarbeid som har halde fram -sjølv etter Russlands invasjon i februar i fjor.

Noreg og Russland vart i oktober i fjor gjennom digitale forhandlingar samde om ein fiskeriavtale for 2023. Fiskeriavtalen inneheld også tekniske reguleringar for utøvinga av fisket, kontrolltiltak og forskingssamarbeid. Noreg og Russland har mellom anna vorte samde om eit felles norsk-russisk forskingsprogram for 2023.

– Vi håpar at vi kan få til eit liknande samarbeid om klima- og økosystem – på sikt, understrekar Misund.

Norsk Polarinstitutt understrekar at sjølv om samarbeidet med russarane no er brote, så har arbeidet på norsk side likevel stor verdi, både for forvaltning av dei norske havområda og som kunnskapsgrunnlag for Barentshavet. Datainnsamling på norsk side har i hovudsak vorte vidareført som planlagt, får NTB opplyst.

(©NPK)

Områda i Arktis er svært viktige i klimaforskinga. På grunn av krigen i Ukraina og sanksjonane mot Russland er viktig samarbeid med russiske forskarar blitt avblåst. Her ser vi smeltande is frå isbrear som kalvar ut i Kongsfjorden ved Ny-Ålesund.
Foto: Are Føli / NTB

Norsk Polarinstitutt har kort- og langtidsstudium ved Ny-Ålesund forskingsstasjon på Svalbard. Forskingsstasjonen romma aktivitetar frå institusjonar frå mange land. Ukraina-krigen har lagt samarbeidet med russarane på vent. Det går ut over viktig forsking. Her eit oversiktsbilde av Ny-Ålesund.
Foto: Are Føli / NTB