Annonse

Underskrift frå Litauens president gir håp om snarleg utlevering av Frode Berg

Litauens president Gitanas Nauseda vil skrive under på benådingstilrådingar kort tid etter at dei er mottatt. Det gir håp om ei snarleg løysing for Frode Berg.

- Presidenten vil underskrive dekretet kort tid etter at tilrådingane til benådingskommisjonen er mottatt, seier ein talsperson for den litauiske presidenten Antanas Bubnelis til Baltic News Service (BNS) onsdag morgon.

Det er venta at møtet i Litauens benådingskommisjon, som starta klokka 9.30 onsdag norsk tid, er eitt av dei siste hindera på vegen mot å få spiondømte Frode Berg benåda og sendt heim til Noreg. Møtet kjem dagen etter at ei ny spionutvekslingslov tredde i kraft i Litauen.

Ifølgje anonyme kjelder BNS har snakka med er Russland og Litauen samde om å utveksle ein spiondømt russar mot to litauarar og ein nordmann som er dømd i Russland.

BNS namngir ikkje Frode Berg (64), men han er den einaste nordmannen som sonar ein spiondom i Russland.

Benådingskommisjonen i Russland har allereie tilrådd benåding av Berg, så det einaste som står att i Russland er Putins underskrift.

Frode Bergs advokat Brynjulf Risnes sa tysdag kveld til NTB at det einaste som står att, er at alle dei involverte blir benåda, og at det er sannsynleg at Berg blir benåda av Vladimir Putin onsdag.

Kommisjonen i Litauen skal vurdere 123 søknader om benåding, men før presidenten har skrive under på benådingane er det ikkje kjent kva for søknader som skal vurderast.

Det blir likevel spekulert i om ein søknad frå den russiske FSB-spionen Nikolaj Filiptsjenko kan vere ein dei som skal vurderast.

(©NPK)

Frode Berg sit i fengsel i Russland, etter at han vart dømt for spionasje i vår. Foto: Berit Roald / NTB scanpix