Annonse

Utanriks- og forsvarskomiteen orientert om fregattforliset

Det kan ta opptil eitt år før det kjem eit svar på kvifor fregatten KNM Helge Ingstad forliste, ifølgje forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H).

Det kan ta opptil eitt år før det kjem eit svar på kvifor fregatten KNM Helge Ingstad forliste, ifølgje forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H).

Fregatten havarerte etter å ha kollidert med eit fullasta tankskip for snart to veker sidan. Den utvida utanriks- og forsvarskomiteen fekk tysdag ettermiddag ei orientering av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) og forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen om forliset av det høgteknologiske marinefartøyet.

- Vi har gitt den informasjonen som har vore offentleg, til komiteen. Vi har fortalt om prosedyrane ved denne typen ulykker og diskutert litt rundt dette og snakka om korleis vi tek vare på personell og mannskap og slike ting, seier Bakke-Jensen.

- Ta lærdom

På spørsmål frå pressa om kva det var som var årsaka til forliset, svara han:

- Det veit vi ikkje. Det skal Havarikommisjonen avdekkje, seier Bakke-Jensen og peikar på at kommisjonen av rettstryggleiksomsyn har som oppgåve å komme så nær ei objektiv sanning som mogleg.

- For oss akkurat no handlar det om å ta lærdom av ulykka. Vi har lært veldig mykje. Men det er viktig at vi held oss tilbake og lèt Havarikommisjonen få det arbeidsrommet dei skal ha, seier forsvarsministeren og peikar på at eit stort apparat i Sjøforsvaret er i ferd med å gjennomgå rutinar og prosedyrar.

- Kva veit de om moglege årsaker?

- Forsvaret har levert alt materiell om saka til Havarikommisjonen. Det er dei som kan svare på dette, seier Bakke-Jensen som seier han ikkje er utolmodig etter å få svar på kvifor ein fregatt til drygt 4 milliardar kroner no ligg under vatn.

Har eitt år på seg

Havarikommisjonen har no eitt år på seg til å komme med rapporten sin, opplyser Bakke-Jensen.

- Men det er ikkje noko som hindrar dei i å komme med den fortare, seier han.

Helge Ingstad hadde delteke på øvinga Trident Juncture utanfor kysten av Trøndelag og var på veg tilbake til basen på Haakonsvern i Bergen då ulykka skjedde. Òg politiet etterforskar saka for å sjå om det kan finnast eventuelle straffbare tilhøve.

Forsvarssjefen understrekar at ulykka har gjort at ein har blitt meir skjerpa og årvaken.

- Vi kan ikkje trekke nokon lærdommar av denne hendinga direkte, men berre det at ho har skjedd, gjer at alle blir meir skjerpa og årvakne for korleis rutinane blir praktisert, seier Bruun-Hanssen.

(©NPK)

Natt til torsdag 8. november køyrde fregatten KNM Helge Ingstad inn i eit tankskip og forliste. Foto: Tore Meek / NTB scanpix