Annonse

Utval foreslår tøffe grep i norsk kvinnefotball

Eliteserien i fotball for kvinner kan i framtida telje berre åtte lag. Det er eitt av forslaga i ein ny rapport som Norges Fotballforbund (NFF) har laga.

Eliteserien i fotball for kvinner kan i framtida telje berre åtte lag. Det er eitt av forslaga i ein ny rapport som Norges Fotballforbund (NFF) har laga.

Eit utval med tidlegare NFF-generalsekretær Karen Espelund i spissen har sett på moglege grep og endringar som kan løfte den norske kvinnefotballen. Konklusjonane presenterte dei på Ullevaal stadion torsdag.

I rapporten peikar Espelund-utvalet på det dei ser som ein negativ trend i kvinnefotballen og peikar vidare på at norsk fotball sakkar akterut internasjonalt.

Utvalet viser til at Noreg mellom anna fell på FIFA-rankinga, og at interessa for kampane i eliteserien er mindre enn i nasjonar det er naturleg å samanlikne seg med.

To modellar

For å gi kvinnefotballen eit nøldvendig løft blir peika det på fleire grep. Eitt av dei handlar om seriestruktur og får konsekvensar for mange lag i dei tre øvste divisjonane i landet.

Utvalet ser for seg to alternative løysingar for eliteserien i framtida.

Det første alternativet tek utgangspunkt i å redusere eliteserien frå dagens tolv klubbar til åtte. I denne modellen blir det lagt opp til eit sluttspel om seriemeisterskapen mellom dei fire beste klubbane etter at grunnserien er avslutta, mens dei fire klubbane som har færrast poeng, speler for å unngå degradering. Éin klubb rykker til slutt ned.

Fleirtalet i utvalet samla seg om dette alternativet.

I alternativ nummer to blir det lagt opp til ein framtidig eliteserie for kvinner sett saman av ti lag. På same måten som i alternativ nummer éin blir serien delt i eigne sluttspel for opprykk og nedrykk. To lag rykker ned.

- Fleirtalet, som har landa på åtte lag, har sagt at dette er ein logisk konsekvens for konkurranseklimaet og heilskapen i forslaget vårt. Mindretalet meiner vi treng forankring i heile landet og entusiasme i ein større del av landet enn det vi risikerer å få med åtte lag, sa Espelund.

Utvalet legg òg opp til at 1. divisjon i framtida skal ha færre lag enn i dag.

Kan bli ny auke

Til grunn for forslaga om færre lag ligg eit ønske om «flere interessante og jevne kamper, høyere sportslig nivå og økt oppmerksomhet».

Espelund-utvalet er klare på at det i eit lengre perspektiv kan vere grunn til å få med fleire lag igjen.

Blant dei andre grepa utvalet trekker fram som ønskelege er å få fleire kvalifiserte trenarar på heiltid, og dessutan gjere det lettare for spelarane å kombinere jobb og utdanning med satsing på fotballen.

Meir spel med og mot gutar i treningskvardagen og dessutan å sjå på verkemiddel for å auke alderssnittet i toppserien, stod òg på den fyldige lista til utvalsleiar Espelund. Det siste kan ein mellom anna oppnå ved å sette aldersgrensa for toppseriespel til 15 år.

Alderssnittet på det øvste nivået i norsk kvinnefotball er i dag 22 år. Espelund-utvalet meiner det ideelle er å heve det til 25 år.

Ingen kostnadsoverslag

Styret i Fotballforbundet skal no behandle konklusjonane frå Espelund-utvalet. Fotballpresident Terje Svendsen karakteriserte torsdag rapporten som «god, grundig og godt dokumentert».

Kva forslaga frå Espelund-utvalet kjem til å koste, er det ikkje rekna på.

- Vi har hatt gleda av å ikkje ta stilling til pengar. Det må forbundsstyret gjere over tid, sa Espelund.

(©NPK)

Utvalsleiar Karen Espelund presenterte torsdag rapporten om tiltak som kan betre den sportslege utviklinga og den kommersielle verdien av toppfotballen for kvinner. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix