Annonse

Uvisse rundt formsterke «Moi»

Celtic-proffen Mohamed Elyounoussi slit med smerter i foten. Det er ikkje avklart om han speler EM-kvalifiseringskampen på fredag mot Færøyane.

Kantspelaren er aktuell for landslagsspel for første gong sidan mars. «Moi» hadde ein tøff periode med lite speletid i Southampton og har vore unytta reserve i Noregs fire siste kampar i EM-kvalifiseringa.

Etter overgangen til Celtic har han blomstra, og i topp slag ville han truleg vore landslagssjef Lars Lagerbäcks føretrekte alternativ på venstrekanten. Men Elyounoussi kunne ikkje fullføre treninga på onsdag på Ullevaal stadion.

- Moi har vondt i ein fot. Eg veit ikkje om det tar éin eller fleire dagar. Han var med på starten av treninga. Medisinarane har ikkje rokke å undersøke han enno, så eg veit ikkje meir, sa Lagerbäck på pressekonferansen etter treninga.

Landslagssjefen svarer bekreftande på at han har sakna å ha ein spelartype som Moi i kampslag.

- Ja, det kan ein seie. Han har ein styrke i det offensive spelet. Han liker å ta seg inn i boksen både med og utan ball, og det er ein god eigenskap å ha. Det er berre positivt (at han er tilbake).

Noreg møter Færøyane heime førstkommande fredag og Malta borte tre dagar seinare.

(©NPK)

Mohamed Elyounoussi slit med ein fot og er usikker til kampen fredag mot Færøyane.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix