Annonse

Van Basten sluttar som FIFA-topp

Tida til Nederland-legenda Marco van Basten som teknisk direktør i Fifa er over ved utgangen av månaden. Han gjev seg for å vera meir med familien.

Van Basten har arbeidd i Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) sidan 2016. Han har hatt ansvaret for teknisk utvikling.

Den tidlegare måltjuven kom med fleire radikale forslag på dei to åra sine i Fifa. Mellom anna leikte han med tanken om å fjerna offsideregelen og innføra fire omgangar. Desse to ideane blei ikkje noko av, men van Basten var involvert i arbeidet med å få på plass videodømming i VM.

VAR-verktøyet har også blitt innført i ei rekkje store fotballigaer. Snart blir det også å sjå i meisterligaen, og i 2020 blir det teke i bruk i EM.

Van Basten gjev seg som FIFA-topp fordi han vil bruka meir tid med familien i Amsterdam.

Det er ikkje klart kven som tek over jobben etter nederlendaren.

(©NPK)

Marco van Basten går av som teknisk direktør i Fifa ved månadsskiftet. Her er han frå tida si som Heerenveen-trenar. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix