Annonse

Verdsrekordhaldar dopingutestengt i åtte år

Den taiwanske vektløftaren Lin Tzu-chi (30) må sjå langt etter å drive idrett etter å ha vorte utestengt for doping i åtte år.

Den taiwanske vektløftaren Lin Tzu-chi (30) må sjå langt etter å drive idrett etter å ha vorte utestengt for doping i åtte år.

Dopingutstenginga vart offentleggjort av Idrettens Valdgiftsrett (CAS) torsdag.

Vektløftaren leverte ein positiv dopingprøve i juni 2016, og vart nekta deltaking i Rio-OL. Det er ikkje første gong Lin er i trøbbel. Ho mista òg London-OL i 2012 . Årsaka var ein positiv dopingprøve avlagt i 2010.

Lin sette to verdsrekordar i 63-kilosklassen under asialeikane i 2014.

30-åringen hadde i utgangspunktet berre fått ei utestenging på to år av Taiwans olympiske komité, men fekk den kraftig forlenga etter at Verdsantidopingbyrået (WADA) anka avgjerda til CAS.

(©NPK)