Annonse

VG: Jacob Ingenbrigtsen stiller i U20-VM viss vêret blir bra

Jakob Ingebrigtsen (18) er klar til å stille i U20-VM i terrengløp i Århus kommande laurdag om vêrmeldingane held det dei lovar.

Jakob Ingebrigtsen (18) er klar til å stille i U20-VM i terrengløp i Århus kommande laurdag om vêrmeldingane held det dei lovar.

- Jakob er litt gira. Han er ein ung gut som likar utfordringar. Afrikanarar er jo folk han vil møte i ein eller annan samanheng. Han vil kjenne litt på eigne avgrensingar, seier Gjert Ingebrigtsen til VG.

I Århus ventar ei løype på åtte kilometer. Det er ikkje aktuelt å stille viss vêret snur og det blir eit «gjørmebad» som då Jakob Ingebrigtsen vann terreng-EM i desember.

- Det ser veldig bra ut. No er det ingen grunn til ikkje å reise. Men det er heilt opp til Jakob. Det er ikkje aktuelt for dei (to) andre. Det gidd vi ikkje, siger Gjert Ingebrigtsen.

Om to veker drar Jakob, Henrik og Filip Ingebrigtsen på treningsleir i høgda i Flagstaff, Arizona i USA. Opphaldet inkluderer sesongdebut utandørs på bane i Palo Alto.

(©NPK)

Jakob Ingebrigtsen på toppen av pallen i 3000 meter under innandørs-EM i Glasgow for tre veker sidan. Foto: Petr David Josek / AP / NTB scanpix.