Annonse

Vil ha norsk-svensk skitour i 2020

(NPK-NTB): Noreg og Sveriges skileiarar er i desse dagar på FIS' haustmøte i Zürich. Fredag la dei to langrennsnasjonane inn ein felles søknad om ny langrennstour i 2020.

– Å få ein eigen ski-tour i eitt av dei mest langrennsinteresserte områda i verda blir fantastisk. Vi får vist fram idretten vår på ein måte som vil gi eit løft for langrennssporten. Det at prologen vert lagt til Skottland er eit viktig ledd i å invitere fleire nasjonar inn i langrennsverda, seier Åge Skinstad, Noregs representant i verdscupkomiteen i FIS, i ei pressemelding.

Edinburgh er nemleg foreslått som prolog-by. Det blir i så fall første gong i historia at verdscupsirkuset i langrenn kjem til Skottland. Touren vil vere over to helgar i februar 2020. I tillegg til renn i Östersund, Åre og Trondheim vil det bli ein etappe frå Sverige til Noreg der detaljar enno ikkje er fastsett.

– Vi gler oss til å jobbe vidare med detaljar rundt etappar og stilart, og eg trur dette blir ei spennande og attraktiv nyvinning for langrennssporten, seier Skinstad.

– Dette blir fantastisk, og eg veit at utøvarane våre har drøymt om å få vise seg fram på heimebane. Her får vi ei god moglegheit til å vise fram andre sider ved sporten til eit internasjonalt publikum, og ikkje minst opnar det opp for spennande samarbeid med vår mest hyggelege konkurrent i skisporet, seier sportssjef Vidar Løfshus. (©NPK)