Annonse

VM i bordtennis utsett etter virusutbrot i Sør-Korea

Lag-VM i bordtennis i Sør-Korea er utsett på grunn av frykt for det nye koronaviruset. Dei siste vekene har fleire hundre personar vorte smitta i vertslandet.

Verdsmeisterskapen skulle eigentleg vorte halden i Busan i Sør-Korea frå 22. til 29. mars, men er no utsett. Årsaka er frykta for covid-19-viruset som har smitta fleire hundre personar i landet.

Det internasjonale bordtennisforbundet (ITTF) opplyser tysdag at avgjerda er tatt av omsyn til sikkerheita for spelarane, tilskodarane og fansen.

Ifølgje forbundet vil ein gjere eit forsøk på å avvikle meisterskapen i slutten av juni.

På det norske laget var Ilka Doval, Rikke Skåttet, Rebekka Carlsen, Sonja Obradovic og Martine Toftaker tatt ut.

(©NPK)

Lag-VM i bordtennis i Sør-Korea er utsett på grunn av frykt for det nye koronaviruset. På bildet den svenske bordtennisspelaren Li Feng under OL i 2016. Foto: Jonas Ekströmer / TT / NTB scanpix.