Annonse

WHO oppmodar til auka bruk av munnbind

Verdshelseorganisasjonen (WHO) oppmodar til bruk av munnbind på stader der det er omfattande smittespreiing og der det ikkje er mogleg med sosial avstand.

– Regjeringar bør oppmode folk til å bruke masker der det er omfattande spreiing og fysisk distanse er vanskeleg, slik som på offentleg transport, i butikkar og i andre lukka eller folksame miljø, seier WHOs generaldirektør Tedros Adhanom Ghebreyesus, som fredag la fram den oppdaterte rettleiinga om munnbind.

Tidlegare har WHO berre anbefalt munnbind for helsepersonell, covid-19-sjuke og omsorgspersonane deira.

Folk over 60 år og dei med underliggjande helsetilstandar bør òg bruke medisinske munnbind i situasjonar der sosial distanse ikkje kan haldast oppe, meiner WHO.

(©NPK)