Annonse

WHO stansar utprøving av hydroksyklorokin mot covid-19

Verdshelseorganisasjonen WHO stansar inntil vidare utprøving av malariamedisinen hydroksyklorokin i behandlinga av covid-19.

Årsaka er bekymring om risikoen knytt til medisinen, melder nyheitsbyrået AFP.

Ein fersk studie med nesten 100.000 koronasmitta pasientar viser at malariamedisinane hydroksyklorokin og klorokin er utan effekt på koronaviruset. I staden tyder funna på auka risiko for alvorlege hjarteproblem og auka dødsrisiko, ifølgje studien som vart publisert i forskingstidsskriftet The Lancet førre veke.

Utsegner frå USAs president Donald Trump og fleire andre kjende personar har bidrege til mykje omtale av legemidla. Enkelte regjeringar har kjøpt opp store parti i håp om at dei kan hjelpe mot koronaviruset.

Medisinane er òg testa ut på pasientar på ei rekkje sjukehus verda over, blant dei Oslo universitetssjukehus, St. Olavs hospital og Sjukehuset Levanger, som alle har testa hydroksyklorokin sidan mars. Testinga har skjedd i samarbeid med WHO.