Annonse

Zlatan-statue full av skrivefeil

Fleire av granittplatene på den nylege avduka statuen av Zlatan Ibrahimovic i Malmö har feilstava inngraveringar.

Steinhoggaren med ansvar for inngraveringane må i aksjon på nytt etter at fleire pinlege feil er oppdaga. Platene listar opp mange av Zlatans merittar og klubbar, og det er her det har gått litt fort i svingane.

Blant skrivefeila er «FZ Internazionale» i staden for «FC Internazionale», «Ligue !» i staden for «Ligue 1» og «Fifa Club World Gup» i staden for «Fifa Club World Cup».

- Eg har berre fått titlane tilsendt frå fotballforbundet, og deretter har steinhoggaren overført dei til steinplatene. Eg vidaresende tekstane, og dei har òg sendt feilstavingar som har vorte retta. Eg veit ikkje meir om kven (hos forbundet) som les korrektur på dette, seier skulptør Peter Linde til Fotbollskanalen.

Han lovar samtidig at skrivefeila blir retta opp.

- Det er jo enkelt å rette det opp. Dette er berre småtteri i den store samanhengen. Eg kan ikkje forstå at det blir gjort eit så stort nummer av dette.

Zlatan Ibrahimovic var sjølv til stades i Malmö då statuen vart avduka førre veke.

(©NPK)

Det svenske fotballikonet Zlatan Ibrahimovic under avdukinga av statuen av han i Malmö. Foto: Johan Nilsson / TT via AP / NTB scanpix