Annonse

13 millionar kroner henta opp frå Trevifontena i Roma

1,4 millionar euro, nær 13 millionar kroner, vart i fjor henta opp frå den berømte Trevifontena i Roma. 

Pengane gjekk til den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas, ifølgje den italienske avisa Repubblica. Pengane sette organisasjonen i stand til å tilby gratis mat til fattige familiar, overnatting til flyktningar, suppekjøkken og andre gode formål.

Etter tradisjonen skal den som kastar ein mynt over skuldra oppi den spektakulære barokkfontena frå 1700-talet, få ønsket om å komme tilbake til Roma oppfylt. Mange turistar kastar derfor både éin og to euro eller andre myntar i det smaragdgrøne vatnet.

I tillegg til dei store mengdene myntar vart det plukka opp fleire andre ting frå fontena: bilete av pave Frans, armband, solbriller, hengelåsar og til og med eit par tannprotesar var blant dei skjulte skattane.

Sist kommunen - som reinskar fontena for myntar dagleg - offentleggjorde kor store verdiar dei hadde henta opp frå Trevifontena, var i 2013, og da var beløpet 100.000 euro lågare enn i 2016.

I 2014 og 2015 vart fontena restaurert, noko som gjorde at ho var dekt til ein lengre periode.

Myntlegenda er visstnok ikkje så gammal og skal stamme frå den amerikanske filmkomedien "Three Coins in the Fountain" frå 1954.

(©NPK)