Annonse

13 til sjukehus for sjekk etter evakuering av kjøpesenter i Bergen

13 personar er køyrde til Haukeland sjukehus for sjekk etter at fleire kundar på kjøpesenteret Sletten senter i Bergen merka svie og kløe i halsen og i auga.

Politiet i Hordaland opplyser på Twitter at nødetatane arbeider på staden.

Sletten senter blei evakuert like før klokka 18 etter at fleire kundar hadde blitt dårlege.

- Vi har enno ikkje funne ut kva som har skjedd. Det einaste vi veit, er at fleire personar har kjent seg dårlege. Vi har sendt mannskap inn for å sjekka, seier vaktkommandør Stig Tetler ved 110-sentralen til Bergens Tidende. Avisa har snakka med ein av kundane som var inne på senteret. Ho seier at ho kjende at det var eit eller anna i lufta, og så blei ho brått dårleg.

- Det svei i halsen. Så tok eg til å hosta. Då var det berre å finna nærmaste dør for å koma seg i friluft, seier Ingebjørg Maradiaga.

Tetler seier til Bergensavisen at dei har gått gjennom fryselageret på senteret, og dei har sjekka ventilasjonsanlegget utan at dei har funne noko årsak.

Ifølgje TV 2 er det også gjort målingar av lufta utan at brannvesenet har klart å påvisa noko stoff som skal føra til slike reaksjonar.

- Om det har vore noko forbigåande og løyst seg opp, veit vi ikkje, men ei rekkje personar klaga på dette samtidig, så det er i alle fall noko som har vore der, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix