Annonse

15 arresterte for menneskesmugling i Serbia

(NPK-NTB-AP): 15 personar er arresterte i Serbia og sikta for menneskesmugling, opplyser serbiske styresmakter. Dei sikta skal ha prøvd å smugla over 230 flyktningar og migrantar gjennom landet.

Arrestasjonane blei gjort over ein periode på ti dagar, og det serbiske forsvarsdepartementet opplyser tysdag at fem andre personar som er mistenkte for menneskesmugling, er ettersøkt.

Serbiske styresmakter har stramma kraftig inn på grensekontrollane i eit forsøk på å demma opp for straumen av flyktningar som prøver å ta seg til EU via Balkan. Etter at den såkalla Balkan-ruta blei stengd, har flyktningstraumen via Hellas og Balkan blitt kraftig redusert. (©NPK)