Annonse

330 amerikanske marinesoldatar til Værnes

(NPK-NTB): Regjeringa inngår eit samarbeid med USA om rotasjonsbasert øving og trening i Noreg neste år. Rundt 330 amerikanske marinesoldatar deltar i prøveordninga.

Soldatane skal halde til på Værnes i Nord-Trøndelag. Med Midt-Noreg som utgangspunkt skal dei trene saman med norske og eventuelt andre styrkar på ulike stader i landet. Det kan også bli aktuelt å bruke amerikansk utstyr som er førehandslagra på Værnes.

Ordninga kom i stand etter ein amerikansk førespurnad. Ho startar opp i januar 2017 og vil bli evaluert innan utgangen av året.

Forsvarsdepartementet understrekar at dei amerikanske styrkane roterer, og at det ikkje er snakk om ein fast base for amerikanske styrkar i Noreg eller etablering av ein amerikansk base her i landet.

Stortingets utvida utanriks- og forsvarskomité vart orientert om prøveordninga måndag kveld. (©NPK)