Annonse

Abu tilbake i Eliteserien

Vålerenga hentar Mohammed Abu på lån frå MLS-klubben Columbus Crew ut sesongen.

Den ghanesiske midtbanespelaren blei presentert på nettstaden til klubben fredag.

26-åringen spelte for Ronny Deila i Strømsgodset gjennom tre periodar og får gode skotsmål frå trenaren.

- Abu var den beste spelaren i Eliteserien før han reiste til utlandet. Han er veldig ballsikker, alltid tilgjengeleg, flink til å spele framover, både kort og langt, og har ikkje minst bra rutine og forståing for spelet, fortel Deila til nettstaden til Vålerenga.

Midtbanespelaren har seks landskampar for Ghana og ser fram mot å bruke haustsesongen på Valle.

- Ronny var som ein far for meg då eg budde i Noreg sist. Det er ein glede å vere her, og eg ser verkeleg fram til å ta del i dette prosjektet. Eg ønskjer å oppnå noko her, og skal gjere mitt beste for laget.

(©NPK)

Mohammed Abu (i Strømsgodset-drakt) frå sin førre periode i norsk eliteserie. No er han klar for Vålerenga.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix