Annonse

Amerikansk domstol godtek forlik med VW

(NPK-NTB-AP-DPA): Ein amerikansk domstol har gjeve endeleg godkjenning til eit forlik med Volkswagen, som må ut med over 130 milliardar kroner etter å ha juksa med utsleppa frå dieselbilar.

Om lag 475.000 eigarar av VW- og Audi-bilar i USA kan frå og med neste tysdag krevja at selskapet kjøper bilane tilbake.

I tillegg kan dei krevja å få betalt ut summar på mellom 5.100 og 10.000 dollar. Til saman er det venta at forliket vil kosta Volkswagen 15 milliardar dollar – tilsvarande 137 milliardar kroner.

– Forliket er rettferdig, rimeleg og tilstrekkeleg, skreiv dommar Charles Breyer i San Francisco då han tysdag gav avtalen endeleg godkjenning.

Summen som Volkswagen må ut med, er den største i eit forlik med ein bilprodusent nokon gong i USA. Bakgrunnen for saka er at dieselbilar produsert av Volkswagen har blitt installer med programvare som reduserer NOx-utsleppa under utsleppstestar. (©NPK)