Ancelotti vil rotere på Bayern-laget

(NPK-NTB): Bayern München-manager Carlo Ancelotti seier han vil rotere på laget i bortemøtet med Hamburg laurdag.

Italienaren er samtidig klar på at oppgåva mot laget som ligg på 16.-plass i Bundesliga blir vanskeleg.

– Eg er sikker på at kampen i morgon blir vanskeleg for oss, sa italienaren på ein pressekonferanse fredag.

Bayern München slo Jarstein og Skjelbreds Hertha Berlin 3– 0 onsdag og heldt oppe sigersrekkja i sesongopninga. Etter fire kampar har laget framleis ikkje gitt frå seg poeng.

Mot Hamburg er det venta at Mats Hummels kjem inn i midtforsvaret for Jérôme Boateng, mens òg Joshua Kimmich, Renato Sanches og Kingsley Coman ventast å få speletid etter å ha blitt spart i midtveka.

– Eg vil rotere i morgon. Eg tar ut laget etter treninga i dag, sa Ancelotti.

Hamburg har berre eitt poeng så langt denne sesongen og trenar Bruno Labaddia er under press etter tre strake tap. Ancelotti tar likevel ingenting for gitt.

– Hamburg vil prøve å forsvare seg og kontre på oss. Vi må vere førebudd på det. (©NPK)