Annonse

Arctic Race of Norway kolliderer med EM, mister stjerner

Sykkelrittet Arctic Race of Norway skal arrangerast samtidig med EM i Glasgow og kan miste mange av stjernene, melder NRK. Alexander Kristoff vel iallfall EM.

Etapperittet i Nord-Noreg er terminfest til 8.-12. august. Siste etappe avviklast same dag som fellesstarten i EM. Der er Kristoff tittelforsvarar.

- Alexander har uttalt at han vil satse på EM, så han kjem til å stille der. Det betyr mykje for han å forsvare trøya, seier sportssjef Hans Falk i sykkelforbundet til NRK.

- Han ynskjer eit sterkt lag rundt seg og køyrer på lag med Sven Erik Bystrøm og Vegard Stake Laengen. Det er naturleg at dei blir med til EM. Eg veit ikkje kva dei andre laga gjer, men det er ein uheldig kollisjon.

Det var Norges Cykleforbund som varsla arrangøren ASO om kollisjonen, og no blir det ifølgje NRK jobba med å finne nye datoar for Arctic Race. Det er likevel ikkje lett.

Tour de France blir avslutta 29. juli, halvanna veke før Arctic Race of Norway er oppsett, så det er vanskeleg å framskunde det ei veke. Helga etter er det Ladies Tour of Norway, som også skal sendast på TV 2.

Arctic Race of Norway ynskte tysdag ikkje å kommentere saka overfor NRK.

(©NPK)

Alexander Kristoff ønsker å forsvare EM-gullet sitt og kan derfor ikkje delta i Arctic Race of Norway. Her er han med VM-sølvet han vann i Bergen i haust. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix