Annonse

Bjøntegaard vraka til stafetten, Birkeland får sjansen

Lars Helge Birkeland, Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø og Emil Hegle Svendsen utgjer OL-stafettlaget til herrane. Erlend Bjøntegaard er dermed vraka.

Bjøntegaard har meldt seg på i stafettdiskusjonen med gode prestasjonar i OL, men då uttaket blei klart tysdag kveld norsk tid blei det klart at landslagsleiinga gir fornya tillit til Lars Helge Birkeland.

På kvinnesida skal Tiril Eckhoff, Marte Olsbu, Synnøve Solemdal og Ingrid Tandrevold gå. Det er dei fire som har gått alle distansane så langt i OL.

Laga er berre teke ut i alfabetisk rekkefølgje, og det er ikkje bestemt kven som skal gå kva etappe.

Før OL verka det temmeleg klart at Emil Hegle Svendsen, Lars Helge Birkeland og brørne Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø ville utgjere det norske stafettlaget for menn i Pyeongchang. Den nemnde kvartetten var i ei eiga klasse på verdscupstafetten i Ruhpolding i midten av januar og slo nærmaste konkurrent Frankrike med 24,5 sekund.

Emil Hegle Svendsen og Bø-brørne var sikre kort på laget, men i kampen om den siste plassen melde Erlend Bjøntegaard seg på. OL-debutanten innleidde vinterleikane i Sør-Korea med femteplass på sprinten og følgde opp med niandeplass på jaktstarten. Han blei nummer sju på fellesstarten.

På normaldistansen måtte han vike plass for Lars Helge Birkeland. Sørlendingen innleidde OL med ein blytung dag. Fire tilleggsminutt og 60.-plass i mål blei fasiten.

Han fekk likevel tillit på stafetten.

(©NPK)

F.v.: Lars Helge Birkeland, Emil Hegle Svendsen, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø på pallen etter å ha gått til ein 1.-plass, under stafett 4 x 7,5 kilometer skiskyting i verdscupen i Ruhpolding. Dei får fornya tillit i OL. Foto: Berit Roald / NTB scanpix