Bjørgen på pallen i svensk dobbeltsiger

Marit Bjørgen følgde opp sigeren på Kollen-tremila med tredjeplass på verdscupsprinten i skøyting i Falun fredag.

Heimehåpa Hanna Falk og Jonna Sundling toppa resultatlistene etter ein taktisk perfekt gjennomført finale. Dei svenske jentene gjekk i front og trekte ned farten. Dermed fekk ikkje Bjørgen brukt kjempekreftene sine.

Silje Øyre Slind kvalifiserte seg for sin tredje sprintfinale i karrieren og vart nummer fem.

Den norske sprintdronninga Maiken Caspersen Falla hadde vunne sprintcupen samanlagt allereie før rennet fredag. OL-sølvvinnaren såg ut til å måtte ta nokre poeng i Falun for å vere heilt sikker på siger, men då erkerival Stina Nilsson trekte seg frå verdscupavslutninga på grunn sjukdom, var duellen avgjort.

Falla vann sprintrenna i Drammen og Lahti, men fredag rauk ho ut i semifinalen. Det var uvant kost for Fetsund-jenta.

- Det var ein rar kjensle, men eg bomma totalt taktisk. Dumt, sa Falla til NRK.

Weng redda seg inn

Ut i same heat rauk også amerikanske Jessica Diggins, som med siger ville meldt seg på i kampen om samanlagtsigeren i verdscupen. Heidi Weng har den gule trøya framfor renna i Falun, men blir pusta i nakken av Ingvild Flugstad Østberg. Fredag var verdscupavslutninga nær ved å starte ille for Enebakk-løparen.

Weng gjekk ingen god prolog og var berre åtte små hundredelar frå å ryke ut. Til slutt gjekk ho vidare som aller siste kvinne. I kvartfinalen vart det exit for Weng, men same skjebne leid også Østberg. Dermed vart ikkje avstanden dei to imellom radikalt redusert.

- Det var betre no enn i prologen, men eg har ikkje nok fart i kroppen. Eg orka rett og slett ikkje nok, sa Weng.

Utslått i kvartfinalen vart også Kathrine Harsem og Tiril Udnes Weng.

Haga datt

Den dobbelte OL-meisteren Ragnhild Haga rauk på si side ut i kvalifiseringa etter å ha falle undervegs.

- Det var surt. Eg følte meg bra og skulle endeleg prøve meg i sprint. Eg vart for ivrig i botnen av ein bakke og gjekk over ende, sa ho.

Den kanskje største overraskinga i prologen var at Krista Pärmäkoski vart slått ut. Den finske løparen er nummer fire i verdscupen og vart nummer sju på tremila i Holmenkollen.

(©NPK)

Marit Bjørgen var best av dei norske i verdscupsprinten i Falun fredag. Foto: Uld Palm, TT/ NTB scanpix