Carlsen med remis i 4. runde på Isle of Man

Magnus Carlsen måtte nøye seg med remis i fjerde runde etter å ha vunne dei tre første partia i den internasjonale sjakkturneringa på Isle of Man.

Magnus Carlsen spelte svart mot Rustam Kasimdzjanov frå Usbekistan. Det blei eit langt parti, og ikkje avgjort før etter 62 trekk. Det gjekk mot remis etter at spelarane hadde konge, tårn og ein bonde igjen. Sjølv om Carlsen hadde ein bonde over heilt til slutt klarte motstandaren å få ei stilling som tvang fram trekkgjentakinga.

Den regjerande verdsmeisteren står med 3,5 poeng, likt med seks andre spelarar, deriblant tysdagens motstandar.

Aryan Tari møtte heimespelaren Michael Adams og klarte remis. Den unge nordmannen står med 3 poeng på sine fire kampar.

Johan-Sebastian Christiansen tapte sitt parti mot russaren Aleksander Rijazantsev.

(©NPK)

Magnus Carlsen spelte remis i fjerde runde i ein internasjonale turnering på Isle of Man tysdag. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix