Dale måtte svare for pelsdyravvikling han ikkje ønsker

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) lover kompensasjon og føreseielegheit til pelsdyrnæringa som no får beskjed om å legge ned.

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) lover kompensasjon og føreseielegheit til pelsdyrnæringa som no får beskjed om å legge ned.

Venstre fekk gjennomslag for eit forbod mot pelsdyrhald i Jeløy-plattforma. Dale måtte i Stortinget forsvare avviklinga av næringa, sjølv om han innrømde at dette ikkje er kva han sjølv ønsker.

Men Geir Pollestad frå Senterpartiet viste til at det er kort tid sidan det blei vedteke å la produksjonen halde fram, og etterlyste føreseielegheit for landbruket.

- Det har vore strid om pelsdyr i mange år, og det har ikkje vore mitt ønske å avvikle den. Det er viktig at næringa blir gitt føreseielegheit til avviklingsperioden, som er sett til sju år, sa Dale.

Vil kompensere

Han viser til at tidlegare utgreiingar har anslått at kostnadene ved ei avvikling over tre til fem år vil vere 3-500 millionar kroner.

Pollestad er kritisk til at regjeringa vil bruke store beløp på å legge ned ei lønnsam næring, og peiker på at produksjonen blir flytta til land med dårlegare dyrevelferd.

Men Frp-statsråden fekk for ein gong skuld ros av både SV og MDG. Arne Nævra (SV) påpeikte at hans parti og Senterpartiet har ulikt syn på "dyr med hår på".

- Om det er landbruksforståinga i SV, at det berre er pelsdyra som har hår på seg, så kjem vi til å ha betydeleg utfordringar i landbruksdiskusjonane framover, lydde Dales humoristiske kommentar.

Han kunne ikkje seie når forslaga om ny lov og kompensasjonsordning blir lagt fram.

Liberalisering

Landbruksministeren måtte også svare på spørsmål om liberalisering av landbruket. I regjeringsplattforma heiter det blant anna at regjeringa vil sette ned eit lovutval med sikte på å samle landbrukslovgivinga, liberalisere konsesjonsloven, greie ut konsekvensen av å avvikle odelslova, og avvikle konsesjonsplikt og buplikt på skogeigedomar.

Dale lovde framleis føreseieleg landbrukspolitikk, men streka under at regjeringa også er opptatt av privat eigedomsrett og inntektsvekst for bøndene. Han forsvarte også punktet der det heiter at omsetningsavgifta ikkje skal kunne bli brukt til generisk marknadsføring av jordbruksprodukt, altså marknadsføring av ein varetype, ikkje reklame for spesifikke merker.

- Norske bønder betaler for reklame av utanlandsk storfekjøtt, på same tid som ein meiner ein har for låge inntekter, peiker Dale på.

Nils Kristen Sandtrøen frå Arbeidarpartiet fryktar at målet for regjeringsplattforma om at "inntekter for bonden i størst mogleg grad blir henta frå marknaden" ville true små og mellomstore bruk, noko som fekk Dale til å steile.

- Dette er ei heilt utruleg tilnærming. Norske bønder er jo stolte av at dei hentar mesteparten av inntektene sine i marknaden. Den norske bonden har ikkje ein sjanse om den ikkje er på lag med marknaden, meiner Dale.

(©NPK)

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) fekk mange spørsmål om pelsdyr og landbruk i den første spørjetimen i Stortinget etter at den nye regjeringsplattforma blei lagt fram.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Pelsdyrnæringa i Norge skal avviklast innan 2025, ifølgje den nye regjeringsplattforma. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix