Annonse

Danmark: – Vil bli råka av brexit

(NPK-NTB-Ritzau): Økonomien i Danmark vil bli merkbart svekt om Storbritannia forlèt EU, ifølgje utrekningar utført av den danske regjeringa.

Prognosane tyder på at den økonomiske veksten i Danmark vil bli svekt med 0,25 prosentpoeng i år og 0.5 prosentpoeng i 2017 om Storbritannia melder seg ut av EU.

– Eg trur britisk utmelding er noko alle i Europa er uroa for. Vi har prøvd å gjere nokre vurderingar av kva utmeldinga kan bety for Danmark, sa finansminister Claus Hjort Frederiksen då prognosane blei lagt fram fredag.

Om britane røyster for utmelding i folkerøystinga 23. juni, fryktar Frederiksen uro i finansmarknadane og lågare investeringslyst. Mykje vil avhenge av korleis ei «brexit» påverkar andre EU-land.

Uansett kva britane gjer, ventar Danmark låg økonomisk vekst. Regjeringa trur bruttonasjonalproduktet vil vekse med 1,1 prosent i år og 1,7 prosent neste år om britane blir verande i EU. (©NPK)