Annonse

Den nye biskopen i Stavanger vil byggje bruer

(NPK-NTB): Ivar Braut (60) er tilsett som ny biskop i Stavanger bispedømme. – Det er viktig å vere ein brubyggjar, seier den påtroppande biskopen.

Braut fortel at han mildt sagt vart overrumpla av tilsetjinga.

– Det er ei stor tillitserklæring, men det var ganske overraskande. Men eg håpar eg skal bli ein god biskop for Stavanger, for eg er klar, seier han til NTB.

Då biskopane i landet i november skulle seie si meining om kven som burde overta i Stavanger, var det flest som stemte på Helge Gaard, medan Braut berre fekk éi førstestemme.

– Eg var absolutt ikkje utan støtte, men eg var ikkje favoritt før behandlinga kom i Kyrkjerådet – og det er der avgjerda vert teken. Og no har dei valt meg, seier Braut.

Braut vert vigsla i Stavanger domkyrkje søndag 19. mars 2017. (©NPK)