Annonse

Død mann funnen i sjøen i Vaksdal

Mannen som vart henta opp av sjøen på Stanghelle i Vaksdal i Hordaland torsdag, vart bekrefta død på staden, opplyser politiet.

Politiet fekk melding via AMK om at mannen var henta opp av sjøen og opp på ei flytebryggje på Stanghelle klokka 16.46 torsdag. Det vart utført hjartelungeredning på brygga, men livet til mannen stod ikkje til å redde.

- No blir det oppretta etterforsking av dødsfallet, og vi vil kontakte jurist i samband med obduksjon, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til NTB.

Politiet veit førebels lite om kva som har skjedd og har enno ikkje vore i kontakt med pårørande. Dei understrekar likevel at det førebels ikkje er noko som tyder på at mannen vart utsett for noko straffbart.

- Det er ukjent kor lenge mannen har lege i sjøen og kva som har skjedd i forkant. Vi veit førebels ikkje om noko straffbart har skjedd, men det er ingenting som tyder på det, seier Kolltveit.

(©NPK)