Equinor får 5 millionar i bot etter giftgassulykke

Equinor må betale ein bot på 5 millionar kroner etter ei giftgassulykke ved Stureterminalen i 2016. Ein 17 år gammal utplasseringselev vart kritisk skadd.

- Beløpet gir eit tydeleg signal om at dette var ei alvorleg hending, der menneskeliv kunne gått tapt, seier politiadvokat Ole Bjørn Mevatne i Vest politidistrikt til Bergens Tidende.

Bota er ferda ut etter ordre frå statsadvokaten i Hordaland, skriv avisa.

Ulykka skjedde i oktober 2016, da Equinor framleis heitte Statoil. I alt fem personar måtte få medisinsk hjelp etter at dei vart eksponerte for den giftige gassen hydrogensulfid på toppen av ein reaktor ved terminalen.

Petroleumstilsynet har konkludert med at det var fleire alvorlege manglar og regelverksbrot. Den interne granskinga til selskapet viste òg at tryggleiken svikta på fleire punkt.

- Ulykka på Stureterminalen var ein vekkjer for oss. Dette var ein rutinesvikt som ikkje skal skje. Alvoret i hendinga har ført til ein systematisk gjennomgang av rutinane våre. Vi tar med oss læringa. Heldigvis gjekk det bra til slutt med alle dei involverte, seier mediekontakt Elin A. Isaksen i Equinor til Bergens Tidende.

Stureterminalen ligg i Øygarden kommune i Hordaland.

(©NPK)

Fem personar måtte få medisinsk hjelp etter å ha pusta inn giftig gass på Stureterminalen i oktober 2016.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix