Annonse

Eritrea sender fredsdelegasjon til erkefienden Etiopia

Eritreas president Isaias Afwerki har sendt ein delegasjon med diplomatar til Etiopia for første gong sidan 1998, året då krigen mellom dei to landa braut ut.

Afwerki grunngjev avgjerda med at det den siste tida har komme positive signal frå Etiopia. Han seier også at delegasjonen vil undersøkje den siste utviklinga grundig og direkte for å kunne planleggje kva landet vil gjere framover.

Eritreas ambassadør i Kenya, Byene Russom, seier at det er opna eit nytt kapittel med «fred og forsoning mellom det eritreiske og etiopiske folket».

Også Etiopias statskanal har sitert Afwerkis kommentarar, som kom i ein tale han onsdag heldt i samband med feiringa av Martyrdagen i hovudstaden Asmara.

Etiopia og Eritrea utkjempa ein blodig krig frå 1998 til 2000. To år seinare kom ein FN-kommisjon fram til kvar grensa mellom dei to landa skulle gå, men Etiopia har ikkje villa godta avgjerda.

Tidlegare i juni kunngjorde likevel Etiopia at landet ville godta grensa, noko som blant anna inneber at Etiopia må gi frå seg kontrollen over grensebyen Badme.

Beskjeden er til no det mest positive og overraskande utspelet som har komme frå Etiopias nye unge statsminister Abiy Ahmed.

- Lidinga på begge sider er ubeskriveleg fordi fredsprosessen er lamma. Dette må endrast til beste for alle, sa Abiys kontorsjef, Fitsum Arega, i byrjinga av juni.

(©NPK)

Etiopias nye statsminister Abiy Ahmed, her på besøk i Mogadishu, har overraska med sitt fredsutspel. No sender erkefienden Eritrea ein fredsdelegasjon til Addis Abeba. Foto: Farah Abdi Warsameh / AP / NTB scanpix