Annonse

EU-domstolen: Avviste asylsøkjarar har rett til å bli til anken er ferdigbehandla

EUs medlemsland kan ikkje kaste ut avviste asylsøkjarar som har ei ankesak til behandling, fastslår EU-domstolen.

Medlemslanda har rett til å fatte vedtak om retur så snart ein asylsøknad er avvist. Men vedtaket kan ikkje setjast i verk før ankefristen har gått ut, og det må suspenderast inntil ein eventuell ankeprosess er avslutta i minst éin ytterlegare instans, ifølgje EU-domstolen i Luxembourg.

Bakteppet er ei sak der ein togolesisk mann fekk asylsøknaden avvist i Belgia og samtidig vart beden om å forlate landet.

(©NPK)