Annonse

EU-toppane diskuterte Facebook 

Frankrikes president Emmanuel Macron tok initiativ til ein ekstraordinær diskusjon om Facebook på EUs toppmøte i Brussel torsdag. 

Stats- og regjeringssjefane diskutere Facebook i lys av skandalen rundt det britiske selskapet Cambridge Analytica.

Saka kom opp på toppmøtet torsdag ettermiddag. Bakteppet er ei oppfatning om at situasjonen som har oppstått, er så alvorleg at den krev eit svar frå EU.

EU må blant anna styrke innsatsen mot desinformasjon og innblanding i val, fastslår EUs president Donald Tusk.

EU har dessutan ny lovgjeving på veg for å sikre sterkare vern av personopplysningar.

- Det var klart for alle leiarar at vanlege folks privatliv og personopplysningar må vernast fullt ut. Vi tar denne saka veldig alvorleg. EUs lovgjeving og nasjonal lovgjeving må respekterast og handhevast, sa Tusk då han møtte pressa etter diskusjonen.

Cambridge Analytica skal ha samla inn personopplysningar om 50 millionar Facebook-brukarar og selt dei vidare, blant anna til Donald Trumps valkampapparat.

Danmarks statsminister Lars Løkke Rasmussen seier han har merka seg at Facebooks grunnleggjar Mark Zuckerberg torsdag gjekk ut med løfter om bot og betring i kjølvatnet av hendinga.

- Det skulle berre mangle, seier Løkke.

Han meiner hendinga er ei påminning om kor nødvendig det er å få bruk av persondata under kontroll.

(©NPK)

Facebook. Foto: AP / NTB scanpix